Fleire stengde fjellovergangar - og ras og rasfare stengde tre vegar i låglandet

SNÆØRIKT: Slik såg det ut på Vikafjellet i Vossadalen  tysdag morgon.

SNÆØRIKT: Slik såg det ut på Vikafjellet i Vossadalen tysdag morgon. Foto:

Uvêret vil ikkje sleppa taket.

DEL

Her er den siste rapporten frå Statens vegvesen tysdag morgon.

E 16 Filefjell

Snø og isdekke. Klokka 05.40 var det 0 grader, frisk bris og snøbyer.

Riksveg 7 Hardangervidda

Stengt på grunn av uvêr.

Riksveg 13 Vikafjellet

Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering tysdag klokka 10.

Riksveg 15 Strynefjellet

Snø og isdekke, nokre stader redusert sikt. Klokka 05.45 var det ein minusgrad, austleg liten kuling og snøbyer.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Fylkesveg 50 Hol- Aurland

Stengt på grunn av uvêr og ras.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyinkrysset

Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering tysdag klokka 13.

Også i låglandet er det stengde vegar. Dette gjeld fylkesveg 5602 mellom Feios og Fresvik. Denne vegen er steng på grunn av rasfare fram til klokka 07.00. Det same gjeld fylkesveg 55 mellom Balestrand og Dragsvik.

Fylkesveg 5623 Gudvangen-Bakka er stengt på grunn av snøras. Denne vegen er venta opna onsdag.

Artikkeltags