Fleire beheld stønaden lenger enn før. Samstundes er jobbsjansane gode: Ein av tre kjem tilbake i jobb etter arbeidsavklaring.
Arbeidsavklaringspengar skal sikra inntekt til personar som ikkje jobbar på grunn av sjukdom eller skade. Med hjelp frå NAV skal personen få avklart moglegheitene for å behalda jobben eller finna ein ny jobb.
Mange kan og vil jobba
Tal frå NAV Vestland viser at 15.513 personar i alderen 18 til 66 år fekk AAP ved utgangen av fjoråret. Dei utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg litt under landssnittet.
– No som arbeidsløysa er låg og mange arbeidsgivarar er på jakt etter folk, vil eg oppmoda til å sjå til denne gruppa. Kanskje finst det ein kandidat i nabolaget til bedrifta som med litt ekstra hjelp kan bli ein dyktig og lojal medarbeidar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Vil hjelpa unge til varig arbeid
Ho er særleg oppteken av dei unge som står utanfor jobb og skule. For mange av dei ligg forklaringa i psykiske lidingar. Hos eldre AAP-mottakarar er det fleire som har fysiske plager som muskel- og skjelettlidingar.
– Unge er ei prioritert gruppe for oss i NAV. Me samarbeider med vidaregåande skule, helsevesen og arbeidsgivarar for at fleire unge skal kvalifisera seg til ein trygg og varig jobb. Her kan me til dømes bruka lønstilskot og mentorstøtte for at arbeidsgivaren og den tilsette skal få ein god start, seier Bogsnes.
Talet på AAP-mottakarar auka med ca. 600 personar i løpet av 2022. Årsaka er ikkje større tilgang, men at fleire beheld stønaden lenger etter ei regelendring 1. juli.