Gå til sidens hovedinnhold

Fleire rasutsette vegar er opna att

Fleire vegar i Sogn har vore nattestengde grunna rasfare natt til søndag.

Søndag morgon er fleire opna opp att: fv. 5637 Skjolden-Urnes, fv. 5605 Ulvestad-Menes, fv. 55 Dragsvik-Balestrand og fv. 5600 Vik-Arnafjord.

Fv. 5641 Hafslo-Veitastrond var venta open att frå kring klokka 10, men det har gått eit snøras og vegen er stengd.

For rv. 13 Vikafjellet skulle det gjerast ei ny vurdering på føremiddagen, og like før klokka 12 var fjellovergangen open att.

I morgontimane er det meldt om problem med ein kuldeport i Geiteryggtunnelen på fv. 50 Hol-Aurland, og tunnelen var stengd til cirka klokka 10.

Kommentarer til denne saken