Det er ikkje passering på staden, melder Vegtrafikksentralen vest.
Det skal også ha gått eit ras på E16, på Gudvangasida av tunnelen. Der har ein stor stein rasa ned i vegbana.
Tunnelane på E16, både Gudvangatunnelen, Stalheim og Sivletunnelane er stengt i samband med raset for at det ikkje skal lage seg kødannelse i tunnelane.
Den siste meldinga frå politiet, klokka 11.40, seier at E16 vert stengd på ubestemt tid på grunn av raset. Geolog skal vurdera området, men dette er krevjande på grunn av tåke og lågt skydekke.
Fleire tunnelar er stengde for å hindra opphoping av bilar i rasområdet.
Vegtrafikksentralen melder klokka 12.00 at fylkesvegen ved ferjekaien vil vera stengt. Ny vurdering tordag klokka 10.