Fleire produksjonsrekordar for Årdal Metallverk

OVERSKOT: Hydro Årdal leverte eit resultat på 64 millionar i fjerde kvartal i fjor.

OVERSKOT: Hydro Årdal leverte eit resultat på 64 millionar i fjerde kvartal i fjor. Foto:

Hydro Årdal gjekk med 64 millionar kroner i overskot før renter og skatt i fjerde kvartal 2019.

DEL

Låge metallprisar pregar framleis resultatet, men reduksjon i råvareprisane som følgje av betre tilgang på råstoff etter full oppstart av aluminaraffineriet Alunorte i Brasil, bidreg positivt.

Resultatet for fjerde kvartal er betre enn føregåande kvartal dette året.

Svekt marknad

– Me opplever noko lægre produksjonsvolum i siste kvartal. Det skuldast ein svekt marknad i Europa. I tillegg til låge metallprisar. Dette er ein realitet som me ser også inn i 2020. Likevel leverer Hydro Årdal eit godt resultat i fjerde kvartal og det er mye grunna god og stabil kvalitet på alumina samt lægre kostnad på denne viktige råvara, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

Produksjonsrekordar

Hydro Årdal har sett produksjonsrekordar både i elektrolyseproduksjonen og anodeproduksjonen. Begge har no levert årsproduksjon på over 200.000 tonn, ein milepæl for metallverket.

– Eit vellukka prosjekt med heving av brennomnane på karbonfabrikken og eit godt gjennomført straumoppkøyrings prosjekt i elektrolysen, har gjeve oss auka produksjon i begge eininganer. Me er veldig nøgde med at me får dei venta effektane når me gjer store investeringar i anlegga våre, seier Eldegard i pressemeldinga.

Sogn Avis kjem tilbake med meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken