Talet på registrerte smitta sidan utbrotet i mars er 54, 28 av desse er registrerte frå august, skriv kommunen i ei pressemelding.

Begge dei to nye med stadfesta smitte i dag er i isolasjon, og Voss herad jobbar med smittesporing. Eitt av smittetilfella har smitteveg frå Aust-Europa, eitt tilfelle har smitteveg frå Bergen.

Ingen av dei to som er smitta har alvorlege symptom.

Voss herad oppmodar alle om halda fram med basalt smittevern, som å halda avstand, vaska eller sprita hendene ofte, hosta i armkroken og halda seg heime om ein er sjuk. Voss herad har sidan utbrotet av korona halde seg til retningsliner og råd frå nasjonale helsestyremakter, og ber alle innbyggjarar følgja dette.