Totalt vart 27.895 lovbrot meldt til politiet i Vest i 2022. Tala på meldte lovbrot aukar etter ein tydeleg nedgang i pandemiåra 2020 og 2021. Det er ei auke innan dei fleste kriminalitetstypane samanlikna med 2021, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Det er særleg tala på økonomisk kriminalitet som har hatt ei betydeleg auke frå 2021 til 2022. Talet på saker som gjeld bedrageri har medverka sterkt til denne auken, med 44 prosent fleire saker i 2022 samanlikna med året før. Mange av sakene gjeld bedrageri ved kjøp og sal via internett.
Anonymisert
– Uttrykket «viss noko er for godt til å vere sant, så er det gjerne det» er framleis like aktuelt, seier seksjonsleiar Marthe Gaugstad Birkeland ved seksjon for etterforsking av økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet.
Ho fortel at tradisjonelle bedragerisaker gjennom bank og kontant i større grad er erstatta av anonymisert type bedrageri.
– Digitaliseringa av samfunnet har skote ekstra fart under og etter pandemien. Verktøy og kompetansen til å utføra bedrageri blir stadig betre og kriminelle aktørar kan utføra bedrageri medan dei sit heime i eiga stove, noko som kan vera med å senka terskelen for utføringa. Trongare økonomiske tider kan også vera medverkande for auken me ser, seier Birkeland og syner til politiet sine nettsider kor ein kan få gode råd om korleis beskytta seg mot denne typen kriminalitet.