349 tyngre og eitt lett køyretøy var over kontrollpassen onsdag kveld. Det enda med tre overlastgebyr, tre andre gebyr, tre bruksforbod og seks skriftlege manglar.

Slik kommenterer kontrollørane det dei fann:

1 vogntog fekk teknisk mangel grunna laus støytfangar/underkøyringshider bak på semitralle. Førar pålagt eit gebyr for manglande vognkort.

1 vogntog var overlasta, og fekk bruksforbod inntil lasta var lasta om på plassen. Transportføretaket fekk eit overlastgebyr på kr 4.700,-.

1 varebil med tillaten totalvekt 3500 kg var overlasta med 700 kg. Bruksforbod inntil avlasting var gjennomført på plassen. Førar fekk eit overlastgebyr på kr 3.000,-.

1 vogntog var overlasta, og fekk bruksforbod inntil lasta var lasta om på plassen. Transportføretaket fekk eit overlastgebyr på kr 2.450,-. Førar fekk eit gebyr for å ikkje ha med seg førarkort under køyring.

1 vogntog fekk teknisk mangel fordi kjennemerke framme på trekkbilen var feil plassert/montert. Føraren fekk eit gebyr for manglande vognkort.