486 køyretøy vart kontrollert. Ifølgje kontrollørane var beltebruken særs god. Russen får spesielt skryt, då samtlege russ som vart kontrollert brukte bilbelte. Likevel var det eit par bilistar som skilde seg ut.
Ein førar valde å ikkje nytta bilbelte og vart difor pålagt gebyr. I eit anna køyretøy var det passasjeren som fekk gebyret.
Under gårsdagens kontroll var det fire lette køyretøy som hadde tekniske manglar med lys. Ein bil hadde manglar når det kom til eksosanlegg grunna støy og lekkasje.
Eit av køyretøya dei stoppa mangla vognkort, og førar fekk difor vognkortgebyr.