– Vi ser at det faktisk er ein liten auke i risiko for å bli lagde inn med covid som hovuddiagnose blant eldre fullvaksinerte. Det er ein reell auke i forhold til storleiken på aldersgruppa, seier vaksinesjef Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Tidlegare har talet på fullvaksinerte på sjukehus stemt i forhold til kor mange vaksinerte det er i samfunnet, men no aukar delen uavhengig av dette.

– Det kan hende det er ein liten redusert effekt i vern av vaksinasjon. Det kan òg komme av at smittetrykket generelt aukar. Mest sannsynleg er det ein kombinasjon, seier Bukholm.

Ifølgje FHIs prognose for dei neste tre vekene ligg det an til ein framleis bratt auke i sjukehusinnleggingar av talet på eldre og fullvaksinerte.

(©NPK)