Fleire fjellovergangar stengde

OPENT: Hol - Aurland var stengt tidlegare i dag, er no opna. Slik såg det ut på i Vestredalen mot Hol klokka 06.03 i dag.

OPENT: Hol - Aurland var stengt tidlegare i dag, er no opna. Slik såg det ut på i Vestredalen mot Hol klokka 06.03 i dag. Foto:

DEL

Hol - Aurland er opent.

Tyin- Årdal er stengt på grunn uvêr.

Hardangervidda er stengt på grunn av uvêr.

På Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring på grunn av uvêr, og vegen kan verta stengt på kort varsel.

Strynefjellet er stengt på grunn av uvêr og fare for ras. Det vert gjort ny vurdering klokka 10.00.

Filefjell er opent, men det kan verta innført kolonne på kort varsel. Det er snø- og isdekke, og stadvis redusert sikt. Klokka 5.44 var det 2 grader, stiv kuling og opphaldsvêr.

Vikafjellet er opent. Det er snø- og isdekke. Klokka 5.40 var det 1 grad, lett bris og opphaldsvêr.

Haukelifjell er opent. Det er snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det 0 grader, frisk bris og skya. Frå klokka 8.30 til 16.00 vil det vera manuell dirigering ved Haukelitunnelen på grunn av vedlikehaldsarbeid.



Artikkeltags