Fleire fjellovergangar stengde på grunn av uvêr

Sterk kuling, snøbyer og nedbør i fjella.

DEL

Statens vegvesen melder søndag morgon at FV 53 Tyin – Årdal er stengd. Også Vikafjellet har stengd på grunn av snøras og fare for ras.

Metereologisk institutt melder om stiv til sterk kuling utsette stadar på fjellet i Sør-Norge. Dei melder også om snøbyer og ein del nedbør.

For Vestland fylke melder dei om liten kuling utsette stadar, sterk kuling ved Stad. Frå seint ettermiddag blir det melde om sterk kuling og at det er fare for liten storm på kysten.

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingane frå Statens vegvesen her.

Artikkeltags