Fleire ferjeavgangar vart kansellerte

Publisert 09.10.2019 kl. 18.33. Oppdatert kl. 20.33.

Det er redusert kapasitet på sambandet Lavik-Oppedal, melder Norled onsdag kveld.


Avgangen klokka 19.10 frå Lavik og klokka 19.40 frå Oppedal er kansellert grunna problem med ein ladestasjon.


Avgangen klokka 21.10 frå Lavik, og klokka 21.40 frå Oppedal utgår også, melder Norled.


Batteriferja «Ampere» har dei siste to månadane hatt 65 kansellerte avgangar på sambandet Lavik-Oppedal, skriv Bergens Tidende.


Problem med batteria på ladestasjonen er del av forklaringa. Berre i dag har det vore seks kanselleringar på ferjesambandet.


Les meir om: Nyhende Notis