Fleire fekk trøbbel då dei vart stogga i kontroll

HÅBAKKEN: 183 tungkøyretøy var over kontroll plassen på Håbakken, sju av dei vart kontrollert. (Illustrasjonsfoto)

HÅBAKKEN: 183 tungkøyretøy var over kontroll plassen på Håbakken, sju av dei vart kontrollert. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Eit vogntog fekk bruksforbod for dårleg sikra lass og måtte retta opp dette før vidare køyring.

DEL

Eit anna vogntog var overlasta og fekk vektgebyr for dette, samt at han måtte lasta om før vidare køyring, og eit vogntog fekk mangellapp for manglande kjennemerke bak.

Dette var noko av det kontrollørane frå Statens vegvesen kom over då dei måndag og tysdag gjennomførte nattkontroll på Håbakken i Lærdal.

Dårleg clutch

Måndag var 183 tungbilar innom kontrollstaden, sju av dei vart kontrollerte. Det vart og kontrollert fire lette bilar, der fleire av dei hadde manglar, mellom anna ein varebil som fekk bruksforbod då den hadde defekt clutch. Her er meir av det som kontrollørane fann:

  • Ein varebil med radioaktivt ADR-gods fekk bruksforbod då han mangla diverse utstyr for transporten.
  • Ein varebil med kompressorhengjar fekk bruksforbod då alt lys bak mangla, samt at han mangla kjennemerke frame. Førar av køyretøy vart meld for å mangla alt lys då alle kablar var trekt ut av kontakten.
  • Det var og ein bil med campingvogn som fekk bruksforbod då alle bremselys på bil og campingvogn var defekt. Førar vart meld for dette.

Totalt var det to som vart meldt til politiet, fire skriftlege manglar og eit overlastgebyr som vart skrive ut.

Vanta lys

Natt til onsdag var det og kontroll, der 176 tungbilar var innom kontrollstaden, to av dei vart kontrollerte, i tillegg vart tre lette bilar sjekka. Slik gjekk det:

  • Eit føretak som utførte transport med bil og tilhengjar vart meldt, og pålagt bruksforbod for å ha driva med transport utan innmontert fartsskiver i køyretøyet. Det vart gjeve pålegg om å ordna feilen med ABS-bremsar, her vart det og pålagt gebyr sidan vognkort for tilhengjaren vanta.
  • Ein førar vart meldt for å køyra i mørket, då køyretøyet mangla alle lys på den eine sida.
  • Eit vogntog som var innom kontrollstaden hadde eit laust hjul på semitraileren. Som følgje av dette hadde felg og boltar fått skade. Det vart gjeve pålegg om å montera nytt hjul og ordna skadde boltar før vidare køyring. Det var og fleire tekniske manglar på trekkbil og semitrailer.

Tre fekk køyreforbod, to vart meldt og det var fire skriftlege manglar.

Artikkeltags