Det resulterte i både gebyr, kontrollsetel og politimelding.

Ein passasjer i personbil fekk gebyr for manglande bilbeltebruk. To førarar fekk kvar sitt gebyr for ikkje å ha med vognkort. Fire førarar fekk kontrollsetel for teknisk mangel.

Seks køyretøy fekk bruksforbod. Det var både overlast på tilhengjar, mangelfull lastesikring, manglande merking av utstikkande last og tildekte lys på tilhengjar. Ein fekk bruksforbod fordi totalvekt på hengjaren var større enn det bilen var godkjend for, og ein anna for at køyretøyet ikkje var eigna for transporten.

Ein siste førar vart meldt til politiet for trafikkfarleg transport av gods.