Avgjerda baserer seg på tilrådingar fra Folkehelseinstituttet (FHI), skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.
Det er kommunane som organiserer vaksinasjonstilbodet. Vaksinasjon av gruppa frå 18 til 64 år med underliggande sjukdommar startar så snart kommunane har kapasitet til å tilby dette. Tilbodet gjeld også personar i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom som ikkje tidlegare fått tilbod om oppfriskingsdose.
Frå veke 37 sender FHI ut ei ny, oppdatert vaksine frå Pfizer til kommunane. Ein tilsvarande oppdatert vaksine frå Moderna vil bli distribuert frå veke 39. FHI si tilråding er å ta oppfriskingsdosen når tilbodet kjem, uansett vaksinevariant.
Det er tidlegare tilrådd at alle personar over 65 år tar ein ny oppfriskingsdose koronavaksine.