Smittesituasjonen i Sogndal har gjort at kommunen har innført koronatiltak, der dei mellom anna oppmodar til å unngå arrangement der det er vanskeleg å halda avstand.

Fleire arrangørar har informert på facebook om at dei avlyser:

Julegrantenninga i Sogndal sentrum skulle gått av stabelen fredag kveld, men er avlyst.

Eit arrangement på Dampskipskaien fredag er også avlyst, ifølgje facebook-sidene deira. Dei har ope i helga, men tilrår gjestane å følgja anbefalingane frå Sogndal kommune.

Også julemarknaden til Sogndal folkehøgskule søndag er avlyst.

Arrangementet Ungdomsglede i Sogndal som skulle vore torsdag kveld, er også avlyst.

Marknaden i Skogly på Kaupanger er også avlyst