FRESVIK PRODUKT: Denne veka har direktør ved Fresvik produkt, Gyda Bøtun, sett fokus på kor vanskeleg det er å rekruttera relevant arbeidskraft til verksemda. (Arkivfoto)

Fleire arbeidsledige i Sogn, men her slit dei med å rekruttera arbeidskraft

Størst auke i arbeidsløysa i region Sogn finn vi i Leikanger, Aurland og Balestrand.

Publisert 03.11.2019 kl. 00.01. Oppdatert kl. 12.40.

I oktober var arbeidsløysa i region Sogn til saman på 1,1 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein auke på 20 personar i høve til same månad i fjor.


Den sesongjusterte arbeidsløysa har auka med 13 personar frå september til oktober 2019, skriv Nav region Sogn i ei pressemelding.


I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken.


Nedgangen i ledige - på omlag 1200 personar i høve til i fjor - er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent.


Kortreist arbeidskraft

Sogn har lågast arbeidsløyse av alle regionar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Vi ser at trenden med vedvarande låg arbeidsløyse kan gi næringslivet i regionen utfordringar med i høve rekruttering. Fresvik Produkt gav oss eit tydeleg eksempel denne veka på kor tøft og avgjerande det er å rekruttere relevant arbeidskraft.


Bygg og anlegg og IKT er døme på bransjar med aukande rekrutteringsproblem. Bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerar kan vere ei stor utfordring å rekruttere.


Arbeidsløysa er jamt fordelt mellom ulike yrkesgrupper. I Sogn er det no flest ledige innan industri (26), butikk- og salsarbeid (22), reiseliv- og transport (18), serviceyrke og anna arbeid (18) samt bygg- og anlegg (17).


Slik arbeidsmarknaden er no, kan vi ikkje basere oss på at vi kan løyse alle utfordringar knytt til rekruttering med å hente arbeidskraft utanfrå, seier leiar for NAV region Sogn, Grete Hagen. Vi må tore å tenkje nytt og satse meir på utvikling av kortreist arbeidskraft.


Regjeringa sin inkluderingsdugnad er ei viktig brikke i arbeidet med å dekke noverande og framtidig arbeidskraftbehov. Sjølv om vi har få ledige, er det framleis for mange i Sogn som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet og som ønskjer å vere i arbeid. Eg meiner det ligg eit stort potensiale i å dekke delar av arbeidskraftbehovet gjennom eit tettare samarbeid mellom næringslivet og NAV.


Kommunetal

Størst auke i arbeidsløysa i region Sogn finn vi i Leikanger, Aurland og Balestrand. I Sogndal kommune er det no 51 ledige - som tilsvarer nivået på same tid i fjor.


I oktober er det høgast arbeidsløyse i Aurland (1,8 %) og Lærdal (1,7%), medan det er lågast arbeidsløyse i Vik (0,3%) og Luster (0,7%).


I Sogndal er arbeidsløysa 1,1% og i Årdal 1,2%. Balestrand og Leikanger har ei arbeidsløyse på 1,5%.


Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i oktober.


Les meir om: Nyhende