Gå til sidens hovedinnhold

Flaumstor sideelv tek nytt løp og sender vatn ut på E16

Artikkelen er over 1 år gammel

På E16 ved Skjerpi i Gudvangen kjem det vatn utover ei busslomme og ut på E16.

Hallinggrovi som renn i nærleiken, er flaumstor og har teke eit nytt løp som gjer at det kjem vatn ned langs ein grusveg ut på E16, fortel Arne Veum til Sogn Avis.

– Me fekk melding tidlegare i dag søndag om at det samla seg litt vatn og det var fare for vassplaning. Entreprenør har vore ute og ordna sluket, men det renn meir enn det tek unna. Det er skilta med flaumvarsel, seier Albert Sherington på Vegtrafikksentralen.

For bilistar kan det vera grunn til å vera obs på faren for vassplaning, både her og andre stader der regn og flaumstore stikkrenner og bekkar fører til overvatn.

Det er løpet i retning Gudvangen som i 100 meters lengde er dekt av vatn, og skaper ein solid vassprut ved passering.

Kommentarer til denne saken