Flåm AS vert medeigar i Arctic Train

INVESTERER: Flåm AS blir medeigar i Arctic Train Holding AS. Frå venstre: Karl Aksel Vik (Taraldsvik AS, styreleiar i Arctic Train Holding), Solrun Hjelleflat (dagleg leiar Flåm AS), Kjetil Strand (dagleg leiar i PRS Holding AS) og Per Strand (styreleiar i PRS Holding AS).

INVESTERER: Flåm AS blir medeigar i Arctic Train Holding AS. Frå venstre: Karl Aksel Vik (Taraldsvik AS, styreleiar i Arctic Train Holding), Solrun Hjelleflat (dagleg leiar Flåm AS), Kjetil Strand (dagleg leiar i PRS Holding AS) og Per Strand (styreleiar i PRS Holding AS). Foto:

Reiselivselskap i Sogn satsar i nord.

DEL

Flåm AS, ein av Noregs største reiselivsaktørar, går inn som eigar i Arctic Train med ein eigardel på 33,5 prosent, skriv selskapet i ei pressemelding.

Flåm AS har også opsjon på å auka eigardelen til 51 prosent. Arctic Train i Narvik opererer turisttog på Ofotbanen, Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser, på same måte som Flåmsbana.

– Første steg på vegen

– Me ser fram til å bli eigar i Arctic Train, ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar. Me har utvikla Flåm til å verta eit av verdas mest attraktive turistmål med Flåmsbana som grunnlag. No vil me vera med på utviklinga i Narvik og investeringa i Arctic Train er første steg på vegen. Dette vil styrka norsk reiseliv sin posisjon internasjonalt med flotte togopplevingar både i fjordane og i Nord-Noreg, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

Samarbeidet tek til med ein gong, og Flåm AS vil gå inn med to styremedlemar i selskapet. Arve Tokvam frå Flåm AS vert ny styreleiar i ArcticTrain Holding AS.

Dreg nytte av erfaringar og kunnskap

Samarbeidet skal styrka eit heilskapleg reiselivstilbod til både nordmenn og internasjonale turistar heile året.

– Det har vore ei fantastisk spanande reise so langt og me gler oss til å få Flåm AS inn som med eigar og samarbeidspartnar. Saman skal me gjera Arctic Train til eit fyrtårn i nord-norsk reiseliv. No skal me vidareutvikla Arctic Train og gjera Narvik til eit enno meir attraktivt reisemål. Flåm er høgt respektert i reiselivsbransjen, og me ser fram til å dra nytte av erfaringane og kunnskapen deira, seier Karl Aksel Vik, styreleiar i ArcticTrain Holding.

Artikkeltags