Flåm AS permitterer 96 tilsette: – Det er med tungt hjarta

Som følgje av korona-utbrotet har Flåm AS i dag sendt permitteringsvarsel til 96 tilsette.

DEL

Det bli opplyst i ei pressemelding måndag kveld.

Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blir stengt frå i dag, måndag, og inntil vidare. Når det gjeld andre overnattings- og serveringstilbod, som Heimly Pensjonat og Toget Kafé, så er det tvilsamt om desse i det heile vert opna i sesongen 2020.

Det same gjeld Hotel Aurlandsfjord (tidlegare Aurland Fjordhotell), som Flåm AS overtok hausten 2019, og som var planlagt opna etter renovering i siste halvdel av mai.

– Med tungt hjarta

Dei tilsette fekk varsel om permittering i dag, måndag. Dei fleste er hundre prosent permitterte, medan ein del tilsette inntil vidare er delvis permitterte. Dette for at selskapet skal kunne vareta nødvendig oppfølging av drift, kundar og tilsette, heiter det i pressemeldinga.

– Det er med tungt hjarta at me tek denne avgjerda om å permittera våre dyktige tilsette. Slik det ser ut no er dette einaste utveg for å verna om arbeidsplassane og verksemda. No er det viktigaste for alle å bidra til at viruset ikkje spreier seg vidare, slik at me får kontroll over dette, seier Solrun Hjelleflat, adm.dir. i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling AS.

Takksame

– Me er takksame for dei tiltaka som regjeringa no set i verk for å hjelpa næringslivet. Dette skal me koma oss gjennom og då må me vera klare til å opna opp att tilboda våre. Me har stor omtanke for våre tilsette som no må ut i permittering, og me ser fram til den dagen me har alle i full drift att. Eg må også takka for den fantastiske innsatsen og den utrulege haldninga alle tilsette viser i ei svært vanskeleg tid for alle. Dette er ein global dugnad som alle må bidra til at me skal koma oss ut av, seier Hjelleflat.

Vurderer fortløpande

Flåmsbana, som Aurland Ressursutvikling eig saman med Vygruppen, går enno som normalt. Justering av driftsopplegg vert vurdert fortløpande. Kundesenteret vert halda ope så lenge det går tog på bana. Inntil vidare er det ingen permitteringar i Flåm Utvikling AS, som driftar Flåmsbana.

The Fjords, som er eigd av Flåm AS og Fjord1, har stoppa sightseeingaktiviteten på Nærøyfjorden, i første omgang fram til 26. mars. Selskapet har kansellert alle avgangar på Geirangerfjorden fram til 29. april. The Fjords sin aktivitetsplan for resten av sesongen blir vurdert etter kvart som situasjonen utviklar seg. Det er sendt permitteringsvarsel til alle tilsette, med unntak av personell som trengst for å vareta tryggleik og vedlikehald av fartøy.

Artikkeltags