PÅ SCORINGSLISTA: Malvin Gjerde scora eitt mål i Fjøra sin 4-3 siger over Djerv1919 laurdag. (Arkivfoto)

Fjøra klatra på tabellen etter ny sterk siger

Fjøra vann sjumålsthriller mot Djerv 1919.

Publisert 19.10.2019 kl. 17.04. Oppdatert kl. 17.08.

Fjøra tok tre sterke poeng borte over eit medaljejagande Djerv1919 laurdag.


Tor Håkon Sveeen gav sogningane leiinga allereie etter tre minutt, medan Kenneth Skjerven la på til 2-0 midtvegs i 1. omgang, som også var pauseresultatet. Etter kvilen reduserte heimelaget ved Jørgen Voilås.


Så dukka Fjøra sin storscorar, Malvin Gjerde, opp og auka leiinga til 3-1 etter ein times spel. Kort tid seinare reduserte heimelaget, før Tor Håkon Sveen scora sitt andre for kvelden då han la på til 4-2.


Tre minutt før slutt reduserte Maid Memic til 3-4 og det var spenning i sluttminuttane, men Fjøra klarte å dra i land sigeren. 


Dermed har Jens-Ivar Nilsen sine menn klatra opp på 10. plass på tabellen med 32 poeng. 


Jubel vart det også på Fosshaugane Campus der Sogndal 2 hadde få problem i møte med Bergen Nord. Bergensarane har allereie rykt ned.


Elias Mittet, Jonas Tillung Fredriksen, Mathias Sundberg og Eivind Helgesen scora sogndølene sine mål.


Sogndal 2 ligg no på 8. plass på tabellen med 34 poeng. Fjøra og Sogndal 2 møter kvarandre i sesongens siste kamp i 3. divisjon, laurdag 26. oktober.


Les meir om: Sport Fotball