STERK TRU: Fjøra-trenar Jens-Ivar Nilsen er sterk i trua på fornya kontrakt med 3.divisjon, ikkje minst etter solid bortesiger over Os i dag. (arkivfoto)

Fjøra i flytsona: - Folk veit kva som skal til

Tre sigrar og ein uavgjort på dei siste fire kampane gjer at Fjøra-trenar Jens-Ivar Nilsen verkeleg har trua på ny kontrakt.

Publisert 05.10.2019 kl. 18.11. Oppdatert kl. 18.15.

Ein solid 0-3-siger borte mot Os er overtydande nok i seg sjølv, men statistikken dei siste fire kampane syner at Fjøra verkeleg har tenkt seg å bli verande i 3.divisjon også neste sesong.


- Utruleg deilig

Morten Knutsen gav Fjøra leiinga etter eit kvarter, noko som heldt seg til pause. Malvin Gjerde la på til 2-0 ti minutt ut i andre omgang og auka til 3-0 eit lite kvarter før slutt.

- Utruleg deilig å få ein så solid siger på bortebane, seier trenar Jens-Ivar Nilsen.
- Dette er verkeleg ein sterk bortekamp for vår del, me held Os stort sett vekk frå sjansar gjennom 90 minutt, samstundes som me har nokre veldig gode kontringar i tillegg. Det er rett og slett ein solid lagprestasjon, seier han.


Vil styra sjølv

Ti poeng på dei siste fire kampane gjer at han er styrka i trua på ny kontrakt.
- Det er også ein fordel at me kan styre dette sjølve, me må ta nok poeng sjølve og me må ta ein kamp av gangen. Eg trur alle veit kva som skal til for å få dei resultata me jaktar på no, seier han.

Fjøra ligg over streken og er framfor vestfossen med fem poeng, men rivalane har ein kamp mindre spelt. Om Vestfossen vinn, har Fjøra framleis to poeng å gå på. I tillegg er det berre to poeng opp til Sogndal 2, som Nilsen og co håpar på litt hjelp frå neste veke.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal