Vegtrafikksentralen melder torsdag morgon om at vegen mellom Arnafjorden og Vik er stengd grunna ras og oppryddingsarbeid.
– Det kom ned ein del jord og steinar i går, og det kom meir i natt og i dag tidleg, seier Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen.
Han legg til at meldingane om vind og mykje nedbør dei komande dagane gjer at vegen ikkje kjem til å bli opna før tidlegast søndag.
– Det blir ny vurdering søndag klokka 10.00.
Kommunen set opp båt
VIk kommune opplyser at det blir sett opp båt for persontransport frå Vik til Nese. Båtruta går fram til vegen vert opna att.
Båten har avgang frå VIk, ved kiosken klokka 16.30 torsdag og vil gå frå Nese fredag klokka 07.30 og frå Vik klokka 16.30.
Laurdag og søndag vil båten gå frå Nese klokka 08.00 og frå Vik klokka 16.30, opplyser kommune på nettsidene.

Isolerte etter skred: – Me er livredde når ungane reiser til og frå skulen
Vinterferie
Det er vinterferie denne veka, difor vart det ikkje lagt opp til båt frå fylkeskommunen si side.
– Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyss, men sidan det er vinterferie, blir det per no ikkje sett opp båt frå fylkeskommunen si side, seier Eivind Yttri. Han er seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.