Det blir sunnfjordmotstand for begge dei to attverande laga frå Sogn, Fjøra FK og Sogndal Fotball.
– Som alltid spelar laga frå Eliteserien og OBOS-ligaen borte i første runde. Me har i arbeidet med oppsett i tillegg sett på tilsvarande oppgjer tidlegare og samstundes teke omsyn til reiseveg. Med oppsettet har me prøvd å skape gode lokaloppgjer, seier Rune Pedersen i ei pressemelding frå Norges Fotballforbund.
I klartekst betyr det at Sogndal må ta turen nordover til Førde som spelar i Norsk Tipping-ligaen. Eit lag dei slo 8-2 for halvanna månad sidan.
Veslebror Fjøra har rydda unna Voss og Årdal FK på vegen så langt. Dei får besøk av Førde sin divisjonskollega Florø og må truleg prestera opp mot sitt beste for å avansera.
Overlever begge sogndalslaga skal det vel godt gjerast at dei ikkje møtest til lokalderby i andre runde.