Fjellovergangar stengde på grunn av uvêr og rasfare

Gaularfjellet og Sognefjellet er stengd for trafikk denne helga.

DEL

Vegtrafikksentralen melder at Fv. 13 Gaularfjell på grensa mellom Sogndal kommune og Sunnfjord er stengd på grunn av fare for ras.

Torsdag kveld gjekk det eit snøras på vegstrekkja. Entreprenør fekk rydda vekk raset og vegen blei opna for trafikk. Men berre nokre timar seinare valde vegvesenet å stengja vegen på grunn av fare for nytt ras.

Fredag morgon vart det teke ei ny vurdering om opning, men har konkludert med at vegen blir stengd fram til måndag. Då blir det teke ei ny vurdering igjen.

Sognefjellet på Fv. 55 er også stengd på grunn av uvêr. Det vil bli teke ei ny vurderig om opning søndag klokka 12.00.

Artikkeltags