Fjellovergangane mellom aust og vest søndag morgon

KOLONNEKØYRING: Brøytebilen på riksveg 52 Hemsedalsfjellet gjer vegen klar til kolonnekøyring søndag morgon. Biletet er frå Statens vegvesen sitt webkamera på Breistølen i retning Borlaug.

KOLONNEKØYRING: Brøytebilen på riksveg 52 Hemsedalsfjellet gjer vegen klar til kolonnekøyring søndag morgon. Biletet er frå Statens vegvesen sitt webkamera på Breistølen i retning Borlaug. Foto:

DEL

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt, og vert ikkje opna søndag. Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er også stengt på morgonen, men vegvesenet gjer ny vurdering på føremiddagen. På riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring søndag morgon. Følg med på Statens vegvesen sine nettsider for endringar.

Elles er det fint på E 16 Filefjell. Der er det snø- og isdekke, og klokka 05:30 var det 1 grad, sørvestleg frisk bris og snøbyer.

Fylkesveg 50 Hol- Aurland har snø- og isdekke, somme stader redusert sikt. Klokka 07:40 var det -1 grad, liten kuling og snøbyer.

Riksveg 15 Strynefjellet har stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 06:00 var det -1 grad, søraustleg frisk bris og skya. Statens vegvesen skriv også at folk som skal over Strynefjellet må vera obs på elg.

Artikkeltags