Fjellovergang blir stengd til over helga

ROLEG: Slik var forholda på Hemsedalsfjellet torsdag morgon.

ROLEG: Slik var forholda på Hemsedalsfjellet torsdag morgon. Foto:

Slik er situasjonen på vegane torsdag morgon.

DEL

Rasa ved Østerbøvatnet på fylkesveg 50 fører til lengre stenging enn det ein først trudde. Torsdag morgon melder Vegtrafikksentralen at vegen blir stengd over helga, og at ny vurdering om opning skal skje komande måndag.

Vegen mellom Vik og Arnafjord er også stengt. Dette på grunn av steinras. Her blir det ny vurdering torsdag klokka 10.00.

Fylkesvegen mellom Gudvangen og Bakka, som har vore stengd på grunn av ras, er no opna for fri ferdsel.

Her er den siste oppdaterte meldinga frå Statens vegvesen torsdag morgon.

E16 Filefjell

Snø og isdekke. Klokka 05.30 var det minus fem grader, svak vind og snøbyer.

Riksveg 7 Hardangervidda

Kolonnekøyring på grunn av oppryddingsarbeid.

Riksveg 13 Vikafjellet

Stengd på grunn av fare for ras og uvêr. Ny vurdering torsdag klokka 10.00.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Snø- og isdekke. Klokka 06.15 var det minus åtte grader, flau vind og lette snøbyer.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland

Stengd på grunn av snøras og fare for ras. Ny vurdering måndag 24. februar. Det er stengt med bom mellom Nilsegard og Nesbøtunnelen.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyinkrysset

Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det minus ti grader, laber bris og snøbyer.

Fylkesveg 5600 Arnafjord-Vikøyri

Stengd på grunn av steinras. Ny vurdering torsdag klokka 10.00.

Fylkesveg 5623 Gudvangen-Bakka

Stengt på grunn av snøras. Er venta opna i løpet av torsdag.

Riksveg 15 Strynefjellet

Stort sett snø- og isdekke. Nokre stader fare for glatte parti.

Artikkeltags