Gå til sidens hovedinnhold

Fjærlandstunnelen vart stengd i ein time

Fjærlandstunnelen vart søndag stengd på grunn av stein som ramla ned i tunnelen.

– Entreprenør er veg for å undersøkja, skreiv vegtrafikksentralen klokka 8:23.

Klokka 09:10 opplyste vegtrafikksentralen at entreprenøren straks var framme.

– Då går det forhåpentlegvis ikkje for lenge før tunnelen opnar opp att. Truleg er det ikkje fare for meir nedfall, men det må undersøkast, seier trafikkoperatør Oliver Hatland Iversen.

Klokka 09:24 vart vegen open att.

Kommentarer til denne saken