Fjærlandstunnelen stengd grunna bilberging - opnar att klokka 16.00

Ein bil har køyrt i støypekanten inne i tunnelen.

DEL

Rv5 Fjærlandstunnelen er stengd grunna bilberging, opplyser Vegtrafikksentralen klokka 14.42 torsdag.

- Det er ein bil som har køyrt opp på ein i støypekant inne i tunnelen og kjem seg ikkje vidare utan hjelp. Det er tinga bilbergar. Det er ikkje meldt om personskade, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt.

Det er ikkje klart når tunnelen opnar att.

Vegtrafikksentralen vest melde først at vegen skulle opna att klokka 15.00, det er retta til klokka 16.00.

- Det skuldast menneskleg svikt og me legg oss paddeflat, twitrar dei.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken