Statens Vegvesen utførte kontroll på Håbakken Kontrollstasjon i Lærdal fredag kveld.

Totalt blei 69 køyretøy sjekka, der det ikkje var alle som kom heldig ut av det.

Fisken rann ut

Sju av desse fekk bruksforbod, to var den noko spesielle sorten:

– To vogntog fekk bruksforbod grunna avrenning frå fiskelast, står det i kontrollrapporten frå vegvesenet.

To andre førarar fekk gebyr i samband med at dei ikkje hadde med seg vognkort under køyringa. Dei fekk også bruksforbod fram til dei kunne dokumentera råderetten over køyretøya dei sat i.

Dårleg sikt

Vidare blei det stopp for eit vogntog som utførte kabotasjetransport, med grunnlag i at fraktdokumenta var mangelfullt utfylt.

Ein anna kollega fekk utskrive teknisk mangel på ei trekkvogn med sprekt frontrute, i tillegg var det ei trekkvogn som enda opp med bruksforbod ettersom føraren hadde gjenstandar som hindra sikt ut frontruta.

Alle brukte belte

Dagen før sjekka vegvesenet både tunge og lette køyretøy ved museet på Kaupanger, totalt 16 i talet.

Her blei konklusjonen fire bruksforbud, for manglande lys, mangelfull sikring av last, mangelfull merking av utstikkande last og grunna sikthindrande gjenstandar i frontruta.

Same dag var det kampanje for belte i buss, der totalt seks doningar og 340 passasjerar blei sjekka.

– Ingen gebyr, men mykje informasjon angåande beltebruk i buss, skriv vegvesenet i sin rapport.