Fire skular i Indre Sogn med på miljødugnad

Publisert 17.03.2019 kl. 16.40.

Norges største miljødugnad, Batterijakta 2019, er i gang. I Indre Sogn er fire skular med på dugnaden.

Totalt har Batterijakta samla inn 450 tonn brukte batteri sidan kampanjen starta i 2013. Dette svarar til ein auke av gjenbrukte batteri frå 33 prosent til heile 80 prosent. Fjoråret slo den gamle rekorden og samla inn 111 tonn batteri.

- I år satsar me på ny rekord, skriv Miljøagentane.
 
I år skal over 14.000 håpefulle fjerdeklassingar gå frå dør til dør, arrangera miljødugnader og få med seg vener og familie i jakta på brukte batteri.

I var region skal elevar frå desse skulane delta:  Flåm skule, Norane skule, Hafslo barne- og ungdomsskule og Indre Hafslo oppvekstsenter.