Gå til sidens hovedinnhold

Fire nye smittetilfelle

Helse Førde melder om fire nye tilfelle av covid-19 i sitt område.

Tysdag 5. januar vart det analysert totalt 456 prøver, og dei positive prøvene stammar frå kommunane Kinn, Stryn og Stad.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Prøver tekne i området til Helse Førde kan verta analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken