I stillingsutlysinga går det fram at kommunen ser etter ein person som er erfaren innan leiar- og organisasjonsutvikling og samspelet mellom desse områda. Strategisk rådgjeving innan leiar- og organisasjonsutvikling er ei av arbeidsoppgåvene, det same er leiarstøtte, rekruttering og design og gjennomføring av organisasjonsutviklingstiltak.

I kvalifikasjonskrava går det fram at aktuell kandidat må ha meget god erfaring med leiarutvikling og kjennskap til endringsleiing i ein stor og kompleks organisasjon, helst innan offentleg verksemd.

Desse har søkt:

  • Nikolaj Trautner (49), Sogndal
  • Hadi Tazikehkalouei (37) Sogndal
  • Johan Christie (39), Oslo

I tillegg har ein mannleg søkjar fått namnet sitt unnateke offentlegheit.