Fire køyretøy hadde manglar på bremsene

158 tunge køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken torsdag ettermiddag, der dekkutrusting og vekt vart kontrollert.

DEL

Dei fleste hadde lovleg vekt og dekkutstyr som var i orden. Men av dei 158 vart 13 køyretøy plukka ut til ein meir omfattande kontroll, der teknisk kontroll var hovudtema. Her fekk fire køyretøy mangel på bremser.

Ein sjåfør hadde bomma litt på akselvekta på semitraileren og måtte laste om, samt betale overlastgebyr. Ein nederlandsk sjåfør vart meldt til politiet for brot på køyre- og kviletidsbestemmelsane, der døgnkvilen var for kort.

To sjåførar måtte sikre laste betre før vidare køyring.

Artikkeltags