Fire henta frå Skagastølstindane med redningshelikopter

Gjekk seg skårfast natt til laurdag.

DEL

Vest politidistrikt melde på Twitter klokka 01.31 natt til laurdag at det var sett i gang ein redningsaksjon etter at fire personar gjekk seg skårfast og ikkje kom seg vidare.

Politiet opplyser at alle var uskadde, men trengde hjelp til å koma seg ned.

Like før klokka 06.00 laurdag opplyser politiet at dei fire er henta av redningshelikopter og at redningsaksjonen er avslutta.

Artikkeltags