NRK Vestland melder at fire tilsette i Helse Førde må halda seg heime på grunn av koronaviruset.

Det betyr ikkje nødvendigvis at dei er smitta. Grunnen er at Folkehelseinstituttet har innført nye reglar som seier at helsepersonell må halda seg heime i 14 dagar etter at dei kjem heim frå område med spreiing.

Dei siste tala frå Folkehelseinstituttet viser tysdag morgon at til saman 25 personar i Norge har testa positivt på koronaviruset SARS-CoV-2. Ni av dei er i Vestland, men ingen av dei 25 er alvorleg sjuke.

Folkehelseinstituttet tilrår at folk er ekstra nøye med handvask og hostevaner, og held seg heime med mistanke om sjukdom.