SISTE: Vegen mellom Feios og Fresvik er opna att.
– Me gjer ei vurdering klokka 12 og gjeld fylkesvegane 5602, Feios – Fresvik og 5600; Vik – Arnafjorden, seier Even Kvam, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.
Raset ved Feiostunnelen, på fresviksida, gjekk på nøyaktig same staden som sist haust.
Magasin tok unna
– Me ventar på tilbakemelding når entreprenøren har sjekka forholda på Fjordavegen. Når det gjeld raset mellom Vangsnes og Feios, vil vurderinga vår basera seg på tilbakemeldinga frå geolog som er på veg.
– Me får opplyst at det ligg ein del massar i vegbana og ein heil del landa i magasinet som vart opparbeida etter raset sist haust, seier Even Kvam.
Fylkesvegane Gudvangen – Bakka (5623) og Aurland – Skjerdal (5625) er også stengde på grunn av ras og fare for ras, begge sambanda kan bli opna klokka 12.
Vegen til Feios og Fresvik stengt etter ras: – Veldig usikre på om det kan koma meir
