Fire F-16 lågt over Sogndal

I denne mobilvideoen kan du sjå fire jagarfly fly lågt over Sogndal sentrum.

Publisert 16.06.2018 kl. 13.14.
Det var onsdag midt på dagen at fire jagarfly av typen F-16 dundra lågt over Sogndal sentrum.
Flya kom sørfrå, flaug nokre få hundre meter over sentrum og frametter Sogndalsdalen, som denne videoen viser.
Kommunikasjonssjef for forsvarets operative hovedkvarter, oberstløytnant Ivar Moen, opplyser at dette var jagarfly frå Ørland flystasjon.
Dei gjennomførte rutinemessig trening etter eit årleg treningsprogram. 
- Eitt av momenta i dette treningsprogrammet var lågtflyging i området rundt Sogndal, opplyser Moen.