Det seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

– Når sjåføren er uoppmerksam, er det høg risiko for ulukker. Dette er ikkje minst alvorleg for foreldre som ofte har barn i bilen, seier Voll.

Berøringsskjermane vert større og større og for mange har dette ført til farlege situasjonar.

I ei undersøking Ipsos har gjennomført for Gjensidige har fire av ti bilistar i Sogn og Fjordane, 42 prosent, svart at dei har opplevd at den interaktive skjermen har teke merksemda bort frå vegen. For 23 prosent har dette igjen ført til farlege situasjonar.

Gjensidige vil slå hardt ned på skjermbruk i form av avkorting innan rammene dei har.

– Dette gjeld både mobil og berøringsskjerm. Me vil alltid vurdera om dette går inn i kategorien grov uaktsomheit. Viss svaret er ja, vil dette resultera i at me avkortar erstatninga, åtvarar Voll.

Han meiner bilprodusentar og styresmakter er på etterskot når det gjeld berøringsskjermar og trafikktryggleik. I enkelte bilmodellar strekkjer skjermane seg over heile breidda av dashbordet.

Voll fryktar at fleire liv kan gå tapt og håpar at styresmaktene kjem på bana med lover og reglar, som kan avgrensa bruken under køyring.