HADDE TRUA: Trenar Øystein Lindesteg hadde trua, men det var ikkje nok for ein finalebillett i NM. (Arkivfoto)

Finalebilletten glapp på målstreken

Eit baklengs var nok til at J19-laget til Kaupanger må sjå langt etter NM-finale.

Publisert 10.10.2018 kl. 19.09. Oppdatert kl. 19.18.

For då dei nitti minutta var ferdigspela var det heimelaget som kunne jubla for finalebillett.


Jaktar revansje og historisk cupfinale


Held unna

Trenar Øystein Lindesteg Rinde hadde trua på ein historisk finaleplass og ein jamn og spanande kamp.


Det første slo ikkje til, men det andre fekk han rett i.


For dei unge kaupangerjentene viste ingen respekt og kunne allereie etter fire minutt ha teke leiinga då ballen small i stolpen.


Pause

Dei kom også til fleire andre store sjansar, men fekk ikkje hol på byllen. Etter kvart kom Stabæk meir med og hadde absolutt sine sjansar til å gå i føringa også før pause.


Men etter halvspela kamp stod det 0-0, og rapporten frå gjestane seier at dei var det klart beste laget i første omgang.


Rask scoring

Heimelaget nytta pause til å tenna gnisten skikkeleg og like etter at Kaupanger skaut ein god sjanse rett over, så putta Julie Gustad inn 1-0.


Det kunne fort ha blitt fleire, men sluttresultatet enda med dette eine baklengs for sognejentene som likevel har all grunn til å vera stolte over å ha nådd ein semifinale i NM.


Les meir om: Nyhende Sport

Siste saker Gå til framsida