Til saman vart det oppdaga 6.143 tilfelle av omikron i Noreg i veke 52, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).

– Tala viser ein liten auke av omikronvarianten gjennom jula, men det er vanskeleg å vite om desse tala speglar den faktiske situasjonen dei siste para vekene. Det har likevel vore mykje mindre testing enn elles, og vi vil truleg få eit rettare bilete av smitteutviklinga no når kvardagen igjen er i gang for dei fleste, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI i ei pressemelding.

Virusvarianten dominerte i den siste veka av fjoråret i alle fylka i Noreg bortsett frå i Agder. Den høgaste andelen tilfelle hadde Viken fylke med 74 prosent og Oslo med 73,6 prosent. Den lågaste andelen var det Agder som hadde, med 47,9 prosent.

– Vi ser at område med høg smittespreiing også har ein høg andel av omikronvarianten, men elles er det nok ganske tilfeldig som styrer kor stor del av varianten som finst i dei ulike fylka, seier Vold.

Ho understrekar at det viktigaste no er at uvaksinerte vernar seg ved å ta den første vaksinedosen, og at alle som har teke den andre vaksinedosen for meir enn 20 veker sidan, tek ein oppfriskingsdose.

Folkehelseinstituttet ventar ei stor smittebølgje dei neste vekene.