Koronabølgja er over for denne gongen, men det vil framleis vere ein del smittespreiing. Ei ny bølgje kan komme seinare i vinter eller vår, ifølgje FHI.
Det har vore ein stor nedgang i påviste tilfelle og sjukehusinnleggingar med covid-19 som hovudårsak dei siste vekene, skriv Folkehelseinstituttet i vekerapporten sin.
Etter at smitten av luftvegsinfeksjonar tok seg opp rundt juletider, har førekomsten minka mykje i januar.
– Dei første vekene i år har det vore ein stor nedgang i talet på nye sjukehusinnleggingar med covid-19, influensa og RS-virusinfeksjon. For RS-virusinfeksjon og influensa har nedgangen i talet på innleggingar stoppa opp. Den vidare utviklinga av epidemiane i vinter er usikker, skriv FHI i rapporten.