Norske kommunar får meir enn ein million dosar denne veka og nesten ein million neste veke. No fryktar FHI at kommunane ikkje får sett alle, melder VG.

Vaksinane frå Pfizer og Moderna som blir brukte i Noreg, held seg i ein månad.

– Spørsmålet er om kommunane har kapasitet til å finne folk og organisere vaksinasjonen. I verste fall er vi redde for at det blir kasta vaksinedosar. Men vi håpar at det ikkje skjer, seier assisterande direktør Geir Bukholm i FHI til VG.

Han understrekar at kommunane gjer ein fantastisk innsats for å få gjennomført vaksinasjonen.

Viss smitteauken fortset som no, anslår FHI at det vil vere 1.310 smittetilfelle i Noreg innan 5. september. Dei fleste vil vere barn og ungdommar.

– Så lenge vi ikkje får beskjed om å stoppe utsending av vaksinedosar til kommunane, går vi ut frå at kommunane har kontroll, og at dei klarer å bruke dosane dei får tilsendt, seier Bukholm.

(©NPK)