FHI: Framleis handvask og avstand i to–tre år

Av
DEL

Ei ny undersøking viser at fleire tek lettare på smittevernreglar samtidig som mange ventar ein ny smittetopp til hausten. FHI seier reglane må brukast lenge.

Ei undersøking Opinion har utført for Røde Kors, viser at éin av fire nordmenn tek lettare på enkle smitteverntiltak som handvask og fysisk avstand. Samtidig svarar nesten fire av fem i den same undersøkinga at dei ventar ein ny smittetopp til hausten.

President Robert Mood i Røde Kors seier han er uroa over tala.

– Godt smittevern er like viktig no som for tre månader sidan. Å kjempa mot koronapandemien er ein felles dugnad der alle må bidra for at me skal lykkast, seier Mood.

Han får støtte av overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet, som seier til NRK at det kan ta opptil tre år før heile folket kan vaksinerast mot koronaviruset.

– Så me kan berre venje oss til å halda oss heime når me er sjuke, vaska hendene og halda avstand til folk, for det må me halde på med i to–tre år, seier Aavitsland.

Han seier FHI har gitt råd og rettleiing til kommunane i landet om kva beredskap dei skal ha for å handtera utbrot utover hausten.

– No er det på tide at dei førebur seg på hausten med mogleg ny smitte som skal oppdagast og stoppast.

I undersøkinga svarar òg ni av ti spurde at dei støttar ein ny stenging dersom viruset på ny skulle spreia seg i større omfang.

Å vaska hender er det viktigaste einskildtiltaket ein kan gjera mot smitte. Aller best er det om ein vaskar hendene med ein gong ein kjem inn i huset. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Å vaska hender er det viktigaste einskildtiltaket ein kan gjera mot smitte. Aller best er det om ein vaskar hendene med ein gong ein kjem inn i huset. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK Foto:

(©NPK)

Artikkeltags