Gå til sidens hovedinnhold

FHI: Britisk mutantvirus gir større sjanse for å hamna på sjukehus

Den dominerande virusvarianten i Noreg no er den britiske varianten. Den gir 2,6 gonger større risiko for å hamna på sjukehus.

Det opplyser FHI til NRK måndag kveld. NRK viser til ei ny studie ved FHI.

– Personar smitta med den britiske varianten er assosiert med ein 2,6 gonger høgare risiko for å bli innlagt på sjukehus med covid-19 som hovudårsak til innlegginga, seier avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NRK.

Måndag blei det stadfesta at koronautbrotet på Kaupanger dreier seg om britisk variant av viruset.

Kommentarer til denne saken