Festivalar, dansefestar, basarar og idrettsarrangement vert avlyste på grunn av koronaviruset - få oversikten her

Mellom dei er Påskerock og Kjeringi Open-festen. Fleire andre arrangement kan også bli avlyste i tida framover, eller er alt avlyste. Les om dei i denne saka.

DEL

– Eg som arrangør vel å avlysa, seier Tor Talle, primus motor for Påskerock.

Årets Påskerock skulle ha gått av stabelen 10. april på Sognefjord Hotel på Hermansverk, men det blir det no likevel ikkje noko av.

– Eg har tenkt på dette lenge, men bestemte meg onsdag. Me må tenkja på sikkerheita til artistar og gjester. No må alle ta i eit tak for å for stoppa smittespreiinga. Det blir diverre difor ikkje påskerock i år. Me får ta det att til neste år, seier Talle.

To tilfelle i Sogn

Så langt er det påvist to tilfelle av koronasmitte i Sogn. Dette fører no til at fleire arrangement no blir avlyste.

Jack Eggum ved Sognefjord Hotel ser ingen annan utveg enn å avlysa Kjeringi Open-festen 18. april.

– Me såg det naudsynt å avlysa. Slik smittesituasjonen er no kan me ikkje ha 250 halvfulle systrendingar på dans, seier han.

Ikkje avgjort enno

– Me vurderer situasjonen og vil fatta ein avgjerd i løpet av torsdag, seier Bård Henjum, prosjektleiar for idrettsarrangementet Kjeringi Open 18. april.

Torsdag skal studentarrangementet Vekao starta, men om det blir noko av er endå uvisst. Sogn Avis får opplyst av arrangørane at ei avgjerd vil koma i løpet av onsdag.

Sogn Avis får også opplyst at fleire større arrangement i Sogn denne våren står i fare for å verta avlyste.

Årdal går for korona-dugnad: avlyser det meste

Fleire store arrangement i Årdal blir no avlyst.
– Me som arbeider i Årdal kommune ser at me i veldig stor grad er avhengig av at me og kollegaen er på arbeid. Me er så små at me er sårbare og me må prøva å unngå at tilsette blir smitta av koronaviruset. Det kan skje ved at me tek ein intern dugnad, seier rådmann i Årdal, Stig Stark-Johansen i ei pressemelding.

DUGNAD: Rådmann Stig Stark-Johansen manar til korona-dugnad i kommunen.

DUGNAD: Rådmann Stig Stark-Johansen manar til korona-dugnad i kommunen. Foto:

Frå og med i dag deltek ikkje tilsette i Årdla kommune i kurs eller konferansar eller seminar utanfor kommunegrensene. Alle liknande kurs og seminar i retgi av Årdal kommune blir avlyst.

Mindre møte kan haldast, men deltakarane må vera ekstra merksame på personleg hygiene, seier rådmannen.

Årdalsrussen avlyser krafttak

– Årets bøsseaksjon er diverre avlyst, innsamlinga vil framleis gå føre seg via vipps og idigtale kanalar, opplyser Tobias Offerdal Røneid i Årdalsrussen. – Målet om å slå fjorårets resultat er no ganske urealistisk, men me håpar folk vil støtta oss likevel, seier han.

Avlyser på Seimsåsen

Leiar i skigruppa i ÅTIL, Magne Knudsen, seier til Sogn Avis at Aosarennet, som etter planen skulle gått av stabelen komande søndag, vert avlyst.
– Me har hatt ein runde på dette no og kjem til å informera skikrinsen om dette i løpet av kort tid, seier Knudsen.

– Det handlar om at det er mange arbeidsgjevarar rundt om som har ein del restriksjonar for sine tilsette, det er forståeleg, seier han. Nettpatruljen som skulle besøka skulane i bygda seinare denne månaden, er også avlyst.
Knudsen legg til at det er fullt mogleg å gå på ski på Seimsåsen.
– Det har eg tenkt å gjera, slår han fast.

AVLYSER: Aosarennet blir avlyst kommande søndag. - Men det er framleis mogleg å komma hit å gå på ski, seier Magne Knudesen, leiar i skigruppa i ÅTIL.

AVLYSER: Aosarennet blir avlyst kommande søndag. - Men det er framleis mogleg å komma hit å gå på ski, seier Magne Knudesen, leiar i skigruppa i ÅTIL. Foto:

Vurderer Fjord til Fjell

Han legg til at han ynskjer å diskutera det årlege Fjord til Fjell-arrangementet med leiaren i hovudlaget.

– Me følgjer situasjonen tett, det er naturleg no. Det er klart, her skal det samlast mykje folk i sentrum, det skal vera tivoli og alt som er – og det er økonomi i dette her, så me må allereie no byrja å drøfta om det skal leggjast innsats i dette. Me har førebels ikkje konkludert om dette, seier Knudsen.

Han seier det ikkje vil få dei store økonomiske konsekvensane at Aosarennet, det 27. i rekkja, må avlysast.

Avlyser Påskerock

Det har det derimot for Hugin Musikkforum, som i dag melder om at årets Påskerock no vert avlyst.
Arrangementet har i ei årrekkje vore ei særs viktig inntektskjelde for Hugin musikkforum.
– Men omsynet til liv og helse må komma først.

AVLYSER REUNION: Steinar Fodnes tykkjer det er trasigt, men forståeleg at Påskerock no blir avlyst. Han hadde mellom anna sett fram til ein Lava-reunion med Per Hillestad og resten av originalbesetninga.

AVLYSER REUNION: Steinar Fodnes tykkjer det er trasigt, men forståeleg at Påskerock no blir avlyst. Han hadde mellom anna sett fram til ein Lava-reunion med Per Hillestad og resten av originalbesetninga. Foto:

– Me har følgd situasjonen tett. Dei siste retningslinjene frå Folkehelseinsititutter er klare på at Påskerock i Årdal vil utgjera ein fare knytt til spreiing av koronaviruset og tilrår at arrangementet blir avlyst.

– Etter samtalar med kommuneoverlegen, er det ingenting som tydarå å at retningslinjer for gjennomføring av arrangement blir noko mindre skjerpa fram mot påske, difor går me ut med dette allereie no, før billettsalet i gang, seier styreleiar Terje Svori og arrangementsansvarleg Steinar Fodnes.

– Klart det er traisgt for Hugin og medlemmane. Mange av prosjekta var godt innøvdt og mange spennande artistar var på plass. Dette er vår hovudinntektskjelde, men helsa må gå fyrst, seier Fodnes.

Vert ikkje korpskonsert heller

Også Årdalstangen musikklag avlyser den planlagde konserten på laurdag den 14. mars.

– Me lovar å koma sterkare attende til hausten med denne konserten. I mellomtida skal me øva flittig, og gjera programmet enno betre. Samstundes voner me tilhøva gjer at feiringa av høgtidsdagane i mai kan gå som normalt. Vi oppmodar alle til å visa omsyn og følgja råda om smitteforebygging, seier styreleiar Kristin Horge.

Dansebandfest avlyst i Luster

Tine produsentlag skulle saman med Indre Hafslo bygde- og ungdomslag arrangera dansefest med Steinar Engelbretson band laurdag 14. mars. Festen er no utsett på ubestemt tid. Arrangørane melder at folk som har kjøpt billett får att pengane ved å venda seg der dei kjøpte dei.

Legg ned all aktivitet i SIL og IL Bjørn

Styret i Sogndal Idrettslag vedtok onsdag kveld å be alle grupper i idrettslaget om å leggja ned all aktivitet ut mars månad.

I Luster og IL Bjørn gjekk det først ut melding om at treningsaktiviteten skulle gå som normalt inntil vidare. Seint onsdag kveld har klubben vedteke å gjera det same som Sogndal. No er all aktivitet innstilt ut mars månad, melder klubben på sine facebooksider.

Norges Håndballforbund har også vedteke å avlysa all regional kampaktivitet frå og med torsdag 12. mars. Berre dei tre øvste seniordivisjonane vil halda i gang inntil vidare.

All breiddefotball stogga ut april

Norges Fotballforbund har vedteke at all breiddeaktivitet vert stogga ut april. Dette inneber all form for trening, samlingar og kampaktivitet.

Dette melder fotballforbundet på si heimeside. Vedtaket kjem etter Folkehelseinstituttet si oppmoding om tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset i Noreg.

– Me har over 370.000 aktive medlemmar, og veldig mange er involverte i fotballen på ulike måtar kvar einaste dag. NFF har eit stort samfunnsansvar, og me tek situasjonen på alvor og følgjer råda frå helsestyresmaktene for å bidra til å avgrensa spreiinga av koronaviruset, seier Pål Bjerketvedt, generalsekretær i Norges Fotballforbund.

Artikkeltags