Største julemarknaden i Sogn

JULEMARKNAD: Denne helga er det klart for den årvisse julemarknaden i Lærdal. (Arkivfoto)

JULEMARKNAD: Denne helga er det klart for den årvisse julemarknaden i Lærdal. (Arkivfoto)

Av

Denne helga ber det laust den årlege julemarknaden i Lærdal.

DEL

Julemarknaden er nummer seks i rekkja, og veks kvart år. Marknaden er no truleg størst i Sogn, med 40 boder.Marknadsnemnda er sentral på denne marknaden også i år, det er snart viktigaste nemnda i kommunen, skriv varaordførar Jan Olav Fretland i ei pressemelding.

Tenner julegran

Det opnar fredag ettermiddag når ordføraren tenner julegata og offisielt opnar julefeiringa i Lærdal. Sjølvsagt er det smånissar i omløp.Bodene er opne laurdag og søndag. Nytt av året er Holdeplassen scene, eit prøveprosjekt der kunstprosjektet Holdeplassen og biblioteket er sentrale.Det blir ymse aktivitetar, mellom anna høgtlesing og korsong. Det går og rykte om at ein gammal nisse blir sitjande på scena og let seg avbilda saman med borna, skriv varaordføraren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken