Dei arrangerer festival i Sogn same helga. No har dei gått saman om å booka band frå USA

TO KONSERTAR: Bandet White Denim skal spela både på Fres Festival og på Utkant. (Foto: Jo Bongard)

TO KONSERTAR: Bandet White Denim skal spela både på Fres Festival og på Utkant. (Foto: Jo Bongard)

Av

Eit samarbeid mellom Fres Festival og Utkant gjer at bandet White Denim kjem til Sogn og Fjordane.

DEL

Det er no klart at bandet White Denim frå Austin i Texas kjem til Norge og Vestlandet siste helga i juli. Bandet, som i slutten av mars ga ut sitt niande album «Side Effects», har ikkje vore innom Noreg sidan 2014.

- Ikkje konkurrentar

Fres Festival og Utkant går saman om å få amerikanarane til Vestlandet, sjølv om dei to festivalane tilsynelatande er konkurrentar.- Me ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, sjølv om me arrangerar festival i same fylke, same helga, seier Viggo Randal, festivalsjef hjå Utkant.Dei to festivalane har i ei årreke jobba saman for å sikra kvalitetsmusikk til publikum i Sogn og Fjordane.- Kvar festival har sitt eige særpreg og sitt kjernepublikum. Det er mange utfordringar ein møter når ein arrangerar festival på små plassar, det blir berre vanskelegare om ein skal stikka kjeppar i hjula for kvarandre, seier Per Christian Grov frå Fres Festival.Begge festivalane finn stad 25.-27. juli, Utkant ytst i Sogn, Fres Festival inst i Sogn.

Rock

White Denim har halde det gåande siden 2007. Dei har tidlegare turnert med Wilco, og til sommaren 2019 spelar dei med Noel Gallagher's High Flying Birds.Sjangermessig dreg White Denim inspirasjon frå klassisk rock såvel som psykedelisk rock, jazz og soul. Avisa The Guardian har omtala bandet som «the last great rock and roll band», går det fram av ei pressemelding.Fres Festival i Fresvik har med det siste tilskotet følgande artistar på menyen: Kvelertak, White Denim, Team Me, Thea Hjelmeland, Frøkedal, Malin Pettersen, Pom Poko, Amgala Temple, Amanda Tenfjord, TØFL og Sista Bossen.Utkant i Skjerjehamn har hittil stadfesta føgjande artistar til festivalen i sommar: Sondre Justad, Bjørn Eidsvåg, Dagny og ISÁK.

Artikkeltags