To nye artistar klare for å rocka på Fres Festival

FRISK PUST TIL FRES: Malin Pettersen har lenge vore kjend som vokalist i bandet Lucky Lips, og ikkje minst som programleiar i NRK P13, der ho leiar country og americana-programmet Kåbbåi. No er ho klar for Fres-festivalen i sommar. (Pressefoto)

FRISK PUST TIL FRES: Malin Pettersen har lenge vore kjend som vokalist i bandet Lucky Lips, og ikkje minst som programleiar i NRK P13, der ho leiar country og americana-programmet Kåbbåi. No er ho klar for Fres-festivalen i sommar. (Pressefoto)

Av

Countryartist Malin Pettersen og indiepop-gruppa TØFL frå Stavanger er klare for årets musikkeventyr i Fresvik.

DEL

Malin Pettersen har lenge vore kjend som vokalist i bandet Lucky Lips, og ikkje minst som programleiar i NRK P13, der ho leiar country og americana-programmet Kåbbåi.Førre helg tok ho for alvor steget inn på den nasjonale musikkscena då ho mottok Spellemann-prisen for beste country-album.Fres Festival har dermed to Spellemenn på årets plakat. Thea Hjelmeland fekk også Spellemann for årets Indie album.- Me hadde ein megabra countrykonsert i fjor, nemleg Darling West. Då skjønte me at festivalpublikummet hungrar etter bra country, og det er difor ei stor glede at me no kan presentere denne perla av ein country-aritist for publikummet på Fres Festival, seier festivalsjef Gunnar Husabø i ei pressemelding.

Forfriskande pop på Siddis-dialekt

Det er naturlegvis ikkje berre country på årets Fres. Det lovande poporkesteret TØFL, uttalast Tøffel, frå Stavanger tek også turen til Fresvik i sommar. - Som alle veit er det popmusikk som er den eigentlege musikken. Difor er det berre rett og rimeleg at Fres Festival ser til at festivalpublikummet får slik i både pose og sekk. TØFL er eit band som snart kjem til å ta over heile Noreg, og om eit par generasjonar kjem besteforeldre over heile landet til å fortelje borneborna sine at nettopp dei var på konserten som markerte startskotet for dette musikalske landnåmet, seier festivalsjefen.

Solid plakat

Fres Festival 2019 går av stabelen frå torsdag 25. juli til og med laurdag 27. juli. So langt er følgande artistar stadfesta:Kvelertak, Team Me, Thea Hjelmeland, Malin Pettersn, Pom Poko, Frøkedal, Amgala Temple, Amanda Tenfjord, TØFL og Sista Bossen (se).

Artikkeltags